2024 klaus johan myrvoll

     Foto: Heidi Antonsen Lura

Klaus Johan Myrvoll kom 27. februar til amfiet i Smøla bibliotek, fullt av forventningsfulle smølværingar. Her fikk vi ei flott innføring i korleis Smølas aller første innvånarar befolka dei første boplassane på innersida av øya og fram til øyane rundt vart bebodde. Dei fleste bodde etter kvart på fiskeværa Odden, Brattværet og Veien. Frå 1600 vart kjøp av jordeigedomar registrerte, noko som viser kvar folk kom flyttande frå.

Ved hjelp av DNA-teknologien kan ein no følgje mannslina i generasjonar etter 1600-talet.  Slik kan ein få kunnskap om kvar forfedrane kom ifrå. Dette åpnar nye muligheiter for slektsforskarar.

Klaus Johan har dreve med slektsforskning i fleire år og kunne presentere nokre døme på opphavet til slekter.

Etter foredraget var publikum klar med mange spørsmål om bruk av DNA. Det var tydeleg at dette var eit interessant tema for både unge og gamle.