Vedtatt i stiftelsesmøte 31. mai 2007 med endringer av 21. april 2012

 

§1         Smøla Historielag er ein lokalhistorisk samskipnad for Smøla.

§2         Laget har til formål å vekke historisk interesse, og arbeide for å auke og spreie kunnskap om historie og tradisjonar i Smøla og naboområda.

§3         For å nå formålet kan laget i samarbeid med aktuelle kommunale organ, bibliotek, lokale museum og museumslag

     3.1. Arrangangere møte, kurs, ekskursjonar, registreringar og fotografering, innsamling av munnleg tradisjon, musikk, stadnamn og anna av historisk 

     og kulturell interesse.

     3.2. Arbeide for at det blir utgjeve årbok (Smølaminne), medlemsblad og historiske skrifter.

     3.3. Arbeide for vern av fornminne og kulturminne av alle slag i kommunen.

     3.4 Opprette eit lokalhistorisk Arkiv for Smøla.

§4         Laget kan stå tilslutta andre lag og samanslutningar med same formål.

§5         Medlemmer av laget er alle som betaler årleg kontingent. Kontingenten blir fastsett av årsmøtet. Kvart medlem får eitt eksemplar av årboka.

§6         Årsmøtet blir heldt kvart år. Styret gjer årsmøtet forsvarleg kjent (i høveleg tid føreåt), seinest 6 uker før. Årsmøtet skal ha for seg:

     6.1.    Årsmelding

     6.1.1  Årsmelding LAISK

     6.2.    Revidert rekneskap

     6.2.1  Regnskap LAISK

     6.3.    Valg av:

     6.3.1. Leiar ved særskilt valg for 2 år

     6.3.2. 2 styremedlemmer kvart år for 2 år

     6.3.3. Varamedlemmer i rekkefølge for 1 år

     6.3.4.  Revisor og vararevisor for 2 år

     6.3.5. 1 medlem for 3 år til valgnemnd på 3 medlemmer + 1 varamedlemmer for 1 år

     6.4.    Budsjett og fastsette kontingenten

     6.4.1  Budsjett for LAISK

     6.5.    Framlegg frå styret til arbeidsprogram for neste år

     6.6.    Innkomne forslag

Stemmerett har alle medlemmer som møter og har betalt årskontingenten. Framlegg til årsmøtesaker må ha kome til styret minst (3) 4 veker før årsmøtet.

§7         (Ekstra årsmøte) Ekstraordinært Årsmøte kan haldast når styret gjer vedtak om det, eller 10 % av medlemmene krever det. For innkalling og møtevarsel gjeld reglar som for vanleg årsmøte (Ekstra årsmøte). Ekstraordinært Årsmøte kan berre ta opp saker som er kunngjort i innkallinga.

§8         Laget skal ha eit styre på 5 medlemmer med 3 varamedlemmer. Styret vel seg nestleiar, skrivar og kasserar.

Varamedlemmene får tilsendt sakspapira til styremøta.

Styret er vedtaksført når leiar eller nestleiar og 2 andre styremedlemmer er til stades.

Styret kan peike ut redaktør for årbok og medlemsblad, og styret kan nemne opp utvalg til å ta seg av spesielle arbeidsoppgaver.

§9         Årsmøtet kan med 2/3 fleirtal endre lagslovene. Framlegg til lovendring må vera gjort kjent for medlemmene samtidig med innkallinga.

§10       Laget kan løysast opp når to vanlege årsmøtet på rad har gjort vedtak om oppløysing med 2/3 fleirtal.

Lagsarkiv, aktiva og midlar går etter vedtak av det siste årsmøtet til lag og institusjonar i området som deler formålet til laget.